måndag 17. desember 2007

Krim

Inntil for to-tre år sidan hadde eg lese lite krim. Så kom eg over ei bok av Henning Mankell. Etter det skaffa eg meg alle krimbøkene hans i pocketutgåver.

I sommar la vi ferieturen til Ystad. Planen om Mankellsightseeing i open bil, regna vekk, men vi hadde nokre fine dagar på stranda.

Måndagane følgjer vi med Kurt Wallander og dottera på i krimmen på TV 2. I dag var det full klaff for gjennkjenning. Dei gjekk inn i campinghytta vår (eventuelt nabohytta) og leita etter mordaren. Ein av politimennene klatra i den litt skumle trappa til hemsen der ungane låg.

Dei som les lydbøker veit at der er ein del krim å velje i. Og etter at kriminteressa vart vekt, har eg lese mange av dei norske krimforfattarane. Jo Nesbø si "Snømannen" kom inn eit par timar før eg lånte den som førstemann. Elles likar eg godt Staalesen sine bøker.

5 kommentarer:

arieldog sa...

DET må eg seie! Utruleg stilig samantreff! Torget i Ystad såg koseleg ut, synest eg. Det blir vel Sverigeferie på oss til sommaren, men eg håpar vi slepp for mykje mord og slikt.

Besta sa...

Wallanderserien som går på TV er fin; med eitt unntak. Det er feil KURT ! For meg er Kurt Wallander han store tjukke som eg aldri hugsar namnet på. Han som spelar i denne serien blir for puslete.Ystad har eg ønska meg til LENGE, dessverre kjem vi oss aldri så langt, ser det ut til..............

solveig sa...

Eg er enig med at denne kurten er for lite forsluffen. Ystad er ein koseleg liten by med torg og gågate. Langs strandpromenaden er det utruleg mange spesielle hus. Det må vere ein gammal ferieplass. Men vi kjem nok til å velje Ørebro neste år etter ekstremveret i år.

arieldog sa...

Trur vi satsar på Ørebro vi òg. Vi fekk ikkje ulysta oss med bading sist sommar... Rasmus truar òg med å reise dit, så då kan vi no ha slektstemne?

solveig sa...

Vi får bestemme oss for ei veke. Vi som skal ha hytte kan ikkje ta det på sparket. Med mange ungar som har selskap i kvarandre kan det bli ferie for foreldra også.