søndag 30. desember 2007

Miljønett

Olaug har lenge masa på meg om at ho har lyst til å sy. Eg har vore skeptisk til å sleppe henne til på mi gamle, elektroniske Husquarnamaskin. Så då dei hadde tilbod på Lidl, slo vi til og kjøpte henne ei til jul. Ho sydde fort opp dei stoffbitane eg hadde liggande.

Behovet var stort for eit litt større, passeleg vanskeleg prosjekt. Eg hadde ei holete dongeribukse liggande. Den har no vorte sydd om til eit handlenett. Ho fekk hjelp til klipping og handtaka, elles har ho styrt på sjølv. Kanskje det vert meir dekor seinare.

Dersom nokon har tips om andre ting som ein 10-11-åring kan sy, tips oss!

1 kommentar:

Elin sa...

Gratulerer med miljønettet! Må seie eg blei aldri så lite imponert over prosjektet, viss det er første gongen ved maskina. Flinke taus!!
Godt nytt år, og takk for det gamle!