fredag 5. juni 2009

12 år

I morgon vert Olaug 12 år. Då skal familien feire med ballettframsyning på Sjøborg i Ulsteinvik. I dag har ho feira med nokre venninner. Ho har sjølv valt duk og serviettar. Bordplasseringa der jentene sit tett, er også etter hennar plan.

Eg laga brownies og gele etter skule. Det vart Grandiosa til saltmat. Elles har Olaug styrt med det meste sjølv. Eg spanderte alle dei seks mørkeraude peonane. No står dei i knopp, så kanskje buketten vert finare i morgon. Medan dei mørkeraude peonane sprett ut til hennar dag, vil nok dei lyserosa sprette ut til min.
Så kjem det store spørsmålet: Kva er det med å bli 12 år? Er det berre å få låne film på biblioteket? Her vart eg svar skuldig. Veit nokon av blogglesarane om noko det er 12-års aldersgrense på? Det einaste eg veit, er at ein får betale vaksenbillett i Danmark.

8 kommentarer:

Besta sa...

Eplet fell ikkje langt frå stammen i Olaugs tilfelle. Ho har nok lært eitt og anna heime.Vi ser fram til å feire henne i morgon

Elin sa...

Koseleg med gjebussar! Eg hugsar datoen på din, tenk frå nesten førti år tilbake...Snart startar våre, vi har alle saman (inklusiv "svigerson") gjebus i løpet av ein månad i juni/juli. Feiringane har dabba veldig av dei siste åra her i garden.
Hm, 12 år, då skal dei vel ha eit ord med i laget ved såkalla "fordeling", men det er nok ikkje så aktuell problemstilling.
Ha ei fin helg, eg skal til Eid på songarstemne. Audhild skal delta i sitt første dressurstemne i Førde, så faren fer dit.

Olaug sa...

No får eg låv til å vere aleine på badeland i Ørebro inne !! :-)

solveig sa...

Eg meiner eg har eit bilde av meg på fanget til Lappetausa på 2-årsdagen min?
Ei av turvenninnene mine skal på songarstemne i helga. Viss du møter ei stemmelaus som berre kviskrar frå Hareid, så hels frå meg!

Besta sa...

Ja, eg hugsar bildet av Solveig og Lappetausa; i mormor Amanda si stove 3.juli 1965.
Lappetausa sin dag er lett å hugse, for det er dagen før Margrete.Fire av våre har dag i juni og så kjem Solveig.........Vi kan ikkje feire alle, men tek eit oppsamlingsheat.

Elin sa...

Men er der ikkje eit anna bielte, der eg sit og held på Audny og Solveig står ved sida av? De får rote meir i arkivet...
Der er mange sunnmørskor, kva er namnet på koret frå Hareid? Veldig flott dag på Eid i dag! Utruleg med det nye operahuset, nydeleg med Sogn og Fjordane-songen framfor det bygget. Mange av songarane er att i kveld og i natt, men eg valde å fare til og frå kvar dag. Rygg songlag song i Eid kyrkje, og i morgon er det maratonkonsert med alle deltakarkora i operahuset. Det skal bli kjekt! Det er Stårheim songlag som arrangerer stemnet.
Audhild fekk 2. plass i sitt første dressurstemne, så ho var veldig fornøgd.
Og neste helg er det Glopperock...eg går på Vamp, and that's it.

Kongsbergtigrane sa...

Gratulerer med dagen Olaug - helsing oss på Kongsberg.

solveig sa...

Hareid Kammerkor. Elles er det nok det same bildet vi snakkar om.