laurdag 6. juni 2009

Ballettbursdag

Svenske flaggans dag. D-dagen.

I dag har vi feira Olaug. Først samlast gjengen, det vil seie dei frå Bjørnaset og dei frå Ørsta, på Sjøborg til ballettoppvisning. Det er utruleg kor mange flinke dansarar vi har i Hareid! Eg hadde lagt att fotoapparatet heime.
Kvart år tek vi bilde av Olaug framfor den gule rhododendronen. For første gong er den "avblomstra". Dei to siste åra har det vore bading i vass-spreiaren. I dag har det vore isande kald vind.
Desse to karane får svært godt stell. Det syter Olaug for.
Også i dag har ho stått for borddekking og pynting sjølv.

1 kommentar:

Besta sa...

Dagen var vellykka på alle måtar, men litt varme hadde gjort seg!Det var noko anna det året ho vart fødd.Olaug viser takter til å bli ei framifrå husmor-og dansar. Det skulle vere ein bra kombinasjon?