torsdag 18. juni 2009

Fotball og naturfag.

På veg til fotballkamp kom eg over dette paret. Det er ikkje sikkert blogglesarane har undra seg over korleis sniglar parar seg. I mi jakt på desse skadedyra, har eg kome over ein del par. Her driv dei og "kyssar" og roterer medan dei skiller ut slim. Gangvegen er full av dei uappetitlege vesena. Så spørs det om iberiasnigelen kan få avkom med vanlege svart- og brunsniglar? Eg håper ikkje.
Hareid vann i dag 2-1 over Åheim. Håkon skåra det andre målet. Før kampen køyrde eg Olaug sin bagasje bort til Ungdomsskulen der bussen stod klar. Dei reiser til Bø i Telemark med halv seks-ferja i morgon tidleg. No har eg fått melding frå Øystein. Han har landa på Vigra.

Og så litt skvåsjnytt til slutt. I dag har det regna skikkeleg. No gjeld det at dei små blada vert store før sniglane et opp dei store. Det er dei små grå som prøver seg.

Ingen kommentarer: