måndag 29. juni 2009

Hagen i dag

No er skogskjeggen på det finaste. Eg har planar om ein hekk av skogskjegg der vi legg snø om vinteren. Ulempa med den er at den er stygg når den er avblomstra, så då må ein ta bryderiet med å klippe vekk det visne.


Desse liljene kan verte to meter høge. Eg let dei vekse i skråninga nedanfor granhekken.


Sjå nøye her! Kven et dei nydelege blomstrane? Stilkane står no att utan blomster. Dei gule sniglehusa har eg trakka på....

Eit lite apropos til einspora motiv.


2 kommentarer:

Besta sa...

Skogskjegg står det langs heile Vallabøvegen, så det får vi nok av. Grei som sommarhekk, men bør absolutt klippast etter avblomstring.
Typisk!Kvart år når riddersporane skal til å blomstre, kjem det eit fæla torever med regn og vind, som gjer at stilkane brotnar. Har ikkje vore ute og sjekka, men eg trur det gjekk bra i kveld.Men FOR nokre smell!

solveig sa...

Eg har støtta opp mine, men dei fleste er altså oppetne! Sniglar med hus veit eg ikkje råd for. Her er det mørkt no etter torever. Men det var godt med litt væte.