torsdag 11. juni 2009

Utlada

.....eller "når ein har anna å gjere enn å lage mat"
I dag var det ikkje berre mobilen som hadde flatt batteri. I går hadde eg ti elevar oppe i munnleg eksamen i norsk. I dag var det full dag på jobb att. Eg veit ikkje kor tid eg "datt saman". Middagen vart i alle fall svært enkel. Ingrediensane ser de over. I tillegg treng ein litt pepar og eventuelt potetmospulver for å få tjukkare saus. Lapskausen glei ned på høgkant.
Einar kom heim frå Bergen då eg kom heim frå jobb. Han hadde lagt att mobilladaren. Så han heiv seg rundt og kjøpte oss kvar sin ny.
No gler eg meg til å få overskot til å plante ut skvåsjen!

2 kommentarer:

Besta sa...

Vi har kvar sin mobilladar + eit heilt ladesett som vi har fått med Rasmus++++
Eg tvilar ikkje på at maten glei ned. Gi ungar brun saus + pølse, så er det festmat.Pølselapskaus er det forresten lenge sidan vi har hatt.........
I dag vart det heimelaga fiskebollar i kvit saus.Forferdelig godt!!

solveig sa...

Viss eg lagar lapskaus med kjøt i, få eg gjerne høyre at "den var god, men hadde vorte betre med pølse". Vi har øyde lagt to ladarar fordi dei er så tynne fremst.
Heimelaga fiskebollar er det år og dag sidan eg har smakt. Kjøpte har vi av og til, helst til "halve familien" i tillegg til steikt fisk.