måndag 29. juni 2009

Bok 38: Fransk?


Eg trur nok mamma (les her)likte denne boka betre enn eg. De hugsar kanskje at eg ikkje skulle lese fleire franske bøker? Denne begynte eg på i mangel av anna å lese. Eg høyrde ein CD før eg merka at nr 3 mangla. Eg sa til bibliotekaren på Hareid at eg skulle skaffe den frå Ørsta sjølv. Eg visste at mamma hadde lånt den same. Boka er grei nok, men eg meiner den manglar det vesle ekstra som gjer at ein engasjerer seg. I dag har eg høyrt to CD-ar av boka til høgre. Eg trur den vil få meir positiv omtale for å seie det sånn.

1 kommentar:

Besta sa...

Eg veit no ikkje om eg var så VELDIG begeistra...?Kafka på stranden derimot er ei av dei bøkene eg absolutt vil lese ein gong til. Minst!