laurdag 20. juni 2009

Gratulerer med dagen, Margrete!

I dag vil vi gratulere Margrete så mykje med dagen!

No vert det fødselsdagar annan kvar dag framover, så det ligg an til ei fellesfeiring/gåveoverrekking når vi har fått fullført skuleåret!

Eg kjem kanskje attende med litt mimring seinare i dag. Då eg var ute i hagen for å sende ein "blomst" via nettet, var det ein ting som slo meg. Mange ting rundt meg har eg fått av Margrete, både i hagen og inne. Vi kan trygt kjøpe gåver til kvarandre, for vi har ganske lik smak. Plutselig kan eg sjå eit bilde på bloggen; der har ho same voksduk som meg (voksdukane ser vi berre på bloggen, for når vi har besøk ligg andre dukar på). Jentene dukka seinast i konfirmasjonen opp med like jakker.

I år har eg kjøpt ei gåve til henne som eg godt kunne tenkt meg sjølv, noko som ofte er utgangspunktet.



3 kommentarer:

Besta sa...

Snakka nettopp med Rasmus. Han foreslo fellesfeiring i Ørebro!!!

solveig sa...

Ja, og viss de kjem, er vi alle!

Besta sa...

Apropos roser, så er der liv i M-rosa mi, men eg vil ikkje seie at den er frodig.