torsdag 25. juni 2009

Avslutningstur

Larsnes.
Brygga på Flatøya.




I går reiste kollegiet på overnattingstur etter planleggingsdagen. To av tiandeklassene hadde lagt sin avslutningtur til Flatøya. Det freista til gjentaking. Der er mange aktivitetar å velje mellom.
---
Veret har mykje å seie når ein er på tur. Vi kunne ikkje ha vore meir heldige! Ferja gjekk frå Larsnes i 16-tida, så vi fekk god tid til å kose oss på brygga då vi kom fram.
---
Les gjerne om paret som driv staden. Dei har ei heilt spesiell historie. Meir informasjon og reklame finn du her.
---
Om kvelden fekk vi servert ein nydeleg gresk lammerett. Viss nokon lurer på kvar dei skal reise neste gong dei skal på ein "gruppetur", er dette absolutt noko å tenke på!
p.s
Eg har ikkje innhenta løyve til å legge ut bilde av kollegaer, så det vert berre nokre naturbilde. Sjekk linkane for meir informative bilde!

2 kommentarer:

Besta sa...

Der såg veldig fint ut! Kanskje VI også må ta ein tur dit?

Anlen sa...

Eg har alt høyrt mykje positivt om denne plassen og turen;)

Sikkert eit godt tips til ein tur, ja!