tysdag 16. juni 2009

Hagen i dag

Denne rosa skulle ein tru var ein gul variant av Anne-Kirstine-rose. Rosa skaffa mi venninne M frå Torheim gartneri. Den blomstra ikkje første åra fordi eg klipte den ned. Denne rosa blomstrar på fjorårsskot. Det gjorde ei anna venninne M meg oppmerksam på.
Dette er yndlingspeonen min, ein gammal kjenning av blogglesarane.
No er det berre liv i den eine Aloha-avleggaren min.
Og så har eg lova dykk eit gløtt under fiberduken. Alle plantane lever!

3 kommentarer:

Besta sa...

Eg ser det er lenger kome der ute enn her. Her er det kaldt og stillstand. Den gule rosa var veldig fin. Veit du kva ho heiter?

solveig sa...

Nei, men kanskje andre veit? Ikkje blogga eg heller. Då kunne eg gått tilbake i tid!
Det var 7 grader ute då vi gjekk tur i dag.

solveig sa...

Eg må berre føye til at desse gammaldagse rosene som berre blomstrar ein gong, men då overdådig, er det ekstra stas med.
Denne erlitt gresa nedst, så eg har planar om å plante ei staude under den, ikkje for nær sjølvsagt.