søndag 14. juni 2009

Nye naboar

Desse to har no flytta inn på garden nedanfor. Det er to skikkelege kosegriser. Eigaren, ein kollega av meg, har sett opp skilt om at det er lov å mate dei. Eg hadde berre ein inntørka matpakke å by på då eg gjekk forbi i dag. Grisebingen har vorte ein attraksjon. Han ligg berre 5-6 meter frå gangvegen. Olaug har vore ned og klappa dei. Då la dei seg ned og kosa seg.

Eigaren fortel at folk gir grisene matrestar i staden for å kaste dei i boss og betale kilopris for det.

4 kommentarer:

Besta sa...

Som den pessimist eg er, ser eg helst livets skuggesider.Og tenkjer med ein gong på den dagen då kosegrisane skal bli bacon.

arieldog sa...

Eg tenkjer på lukta... Men det er klart at det er fint å kunne unngå bos!

solveig sa...

Eg veit ikkje om Mattilsynet tillet slikt grisehald? Kanskje dei får vere kosegriser?
Dei luktar ikkje dårleg, merkeleg nok, men grisar, det gjer dei!

solveig sa...

Eigaren skal slakte dei sjølv......