fredag 19. juni 2009

pøbb?

Skal dei ha pøbb i Volda? Kan ein det? Her måtte læraren til å undersøke; er det noko eg ikkje veit? Ordlista tillet ikkje skrivemåten pøbb for pub. Men dei står sjølvsagt heilt fritt til å kalle puben sin Festspelpøbb!

p.s.
Eg skal skrive pøbb når det vert lov!

4 kommentarer:

Besta sa...

Eg nektar å skrive pøbb!!
Har problem med sørvis også. Sevice er eit "internasjonalt" ord som kan få behalde sin engelske skrivemåte. Teip og beg har blitt fornorska i vår tid, og mange andre ord før!Så det er vel berre eit tidsspørsmål kva tid vi skriv pøbb også?

solveig sa...

Eg har ei eiga glede over å skrive skvåsj!

Besta sa...

Og eg skriv konsekvent squash!!!

Anlen sa...

Eg likar ikkje pøbb, og eg har ikkje lyst til å la det bli lov. Og eg stussa veldig lenge over skvåsjen din:)