søndag 28. juni 2009

Kos med kaninar

Olaug har no ansvar for to hokaninar med kvart sitt kull kaninungar og faren deira. I tillegg har vi to haannkaninar sjølve. Det er sjølvsagt mest stas med dei to veker gamle kaninungane.
I dag tidleg fekk dei kome ut og prøve å gå på graset. Dei gjekk på vaklevorne bein, og nokre av dei åt litt gras.

I løpet av dagen har eine kullet lært seg å hoppe! Dei bur i eit to-etasjes bur, og no hoppar dei lett opp og ned planken som går mellom etasjane.
Skvåsjane har varme og lyse dagar under fiberduken.





5 kommentarer:

Besta sa...

Slike små kaninungar er berre heilt nydelige !
Ser at Olaug har fått på seg nyekjolen.Eg måtte leite fram eit tynt sommarskjørt i dag, var lykkelig for at det ikkje var gått i innsamlinga.

solveig sa...

Eg skulle gjerne ha dmed kaninavl dersom eg slapp å tenke på om nokon ville ha dei.

solveig sa...

drive med skal der stå

Anlen sa...

Eg trur eg må ta med to småjenter og kome på besøk;) Det einaste problemet då hadde vore å kome seg derifrå igjen uten kaninungar på slep...

solveig sa...

Du veit vel kven eigarane er! Viss du først let jentene sjå dei, då er det gjort! Den eldste bør vere 8-9 år viss ho skal greie stellet. Viss ikkje blir det mora, men det er veldig kjekt, spesielt om sommaren.