onsdag 27. februar 2008

Mammutsal: Boka eg ikkje skulle kjøpe, men kjøpte likevel

Forfattaren fortel i forordet at ho "møtte veggen", og at delar av inntektene går til Rådet for psykisk helse.
Boka inneheld mange "runde kaker", meir moderne enn dei eg brukar å lage om att og om att. Kanskje ein kan utvide repertoaret litt.
I boka finn ein oppskrifter frå profesjonelle.
Kva er det denne dama ikkje kan?
Forfattaren sine eigne kaker er kanskje dei mest freistande. Denne har eg tenkt å lage ved neste høve.

7 kommentarer:

Besta sa...

Rådet for psykisk helse- ekte engasjement eller ufint salgstriks?
Eg lagar så sjelden kaker at eg greier meg med dei oppskriftene eg har.Eg LIKAR ikkje å lage kaker, men MÅ eg så vel eg slike som eg slepp å pynte.
Det KAN hende det har noko med kaloriar å gjere?

STRIKKEMOR(O) sa...

Eg skjøner at "besta" ikkje er så lett å lure..he he...
Eg såg på denne boka, men kjøpte ikkje. Men no angrar eg fælt. Særleg etter å ha sett det nederste bildet!
I kveld har eg forresten laga eit matinnlegg eg og!!

solveig sa...

Eg las ikkje forordet før eg kom heim, rettferdiggjering, er det det det heiter? Tenkte eg skulle fornye meg litt før høgtidene i vår. Ser at 10 år yngre kollegaer har eit anna vokabular når det gjeld kaker. Oreo-kake er visst det siste, den er i alle fall søt nok.

Besta sa...

Masse oppskrifter på Oreokake på nettet. Eg har sjekka.Fristar meg ikkje så veldig.Sjokoladerelaterte kaker er ikkje mi greie. Heller kaker med piska krem og frukt. Nam!Og ostekaker!(Særleg Lars si)! På Fugl Føniks (kaffibar) i Ørsta får ein verdens beste ostekake.

Elin sa...

Eg må ha meg ein tur på Fugl Føniks!

arieldog sa...

EG ER ALTETANDE NÅR DET GJELD KAKER! Og eg treng verkeleg ein del nye oppskrifter utover våren.

solveig sa...

Eller ferdige kaker?