fredag 1. februar 2008

UFO eller WISP

Då Øystein innreia biblioteket/kontoret sitt, samla han saman alle BBB-reolane våre og flytta dei dit. Vi skulle kjøpe eit nytt møbel i kroken bak TV-en. I desse åra har vi ikkje funne det vi har leita etter. Lakka furu? Hjørne? 132 cm?

Før jul gjekk vi skuffa heim. Den hylla vi kunne tenkt oss fantest berre i kirsebær, ein tresort vi ikkje har skaffa oss enno. "Kanskje vi må til med ny BBB-reol?", ymta eg frampå. "Den kan vi no bygge sjølv." Øystein tok med seg teikning og forespørsel på butikken. Vi vart gledeleg overraska. Hyllene kunne dei kutte slik at måla til høgre vart 132 cm.

Men kva er dette? Kvar er sidehyllene? Ikkje veit vi kva som skjedde under pakkinga. No håper vi dei kjem raskt, slik at hylla ikkje vert ståande midt på golvet så lenge. Ein kan ikkje akkurat elles kalle det ei hastesak.

2 kommentarer:

Besta sa...

Er det noko som kan skape uhygge i heimen, så er det flatpakka møblar!Skulle vore forbode ved lov! Og når noko manglar i tillegg.....Veit om berre ein som likar å montere og han er ikkje her i huset.Men så mange mannfolk som du har rundt deg er det vel ikkje noko problen? Eller kanskje det er ...?

solveig sa...

Desse skulle no vere greie å montere, men eg forstår ikkje kva dei som har pakka har tenkt på... Når ein først tek seg på tak, har ein lyst at ting skal skje. I denne hylla har vi først og fremst tenkt å ha kokebøker, hobbybøker og oppslagsbøker, slike som vi har lyst til å bla i ofte. Kanskje nokre DVD og videokassettar. I skåpet kan vi "gøyme" opptakskassettar m.m.