torsdag 28. februar 2008

Vikar

I morgon er visst folk sjuke, på kurs eller i gravferd.

Eg veit at eg ikkje vert spurt om å ta vikartimar på fridagen dersom der er folk på skulen som kan ta timane. I morgon skal eg til og med ta ein gymtime, så då forstår eg kor langt ned på lista dei har kome.

2 kommentarer:

Elin sa...

Haha, du må ikkje ha dårleg sjølvtillit...men ok, eg forstår kva du meiner. Lukke til!

solveig sa...

Eg har strategien klar. Det er ei grei klasse. Dei tre andre timane er greie. Så får ein gle seg til litt ekstra på kontoen i april.