måndag 8. juni 2009

Konsert



Dei to eldste gutane reiser til Bergen i kveld for å vere på konsert i morgon.

Eg legg ut ein låt som de kan kose dykk med.

Det eg lurer på er; Kan de bibelteksten? Kvar i Bibelen kan vi lese denne historia? Eg har søkt på bibelen.no, men ikkje funne den.

4 kommentarer:

Besta sa...

Teksten finn du i 1. Mosebok v.28-31. Etter at Jakob har lurt til seg velsigninga ved å gi seg ut for å vere Esau, må han rømme frå landet. Han legg seg til å sove og drøymer om stigen som går frå jorda opp i himmelen. I staden for å leite i Bibelen kan det vere lettare i finne fram i ei gammaldags Bibelsoge. Eg har framleis den eg fekk då eg var 6 år.Olaug fekk nokre store raude bibelsogebøker som eg hadde viss eg ikkje tek feil. Der kan du repetere!

Elin sa...

No trudde eg dama var begynt med lappeteknikk. Blokka finn du her: http://quilting.about.com/od/quiltpatternsprojects/ig/Free-Quilt-Block-Patterns/Jacob-s-Ladder-Quilt-Block.htm
Skulle forøvrig gjerne vore på denne konserten!

solveig sa...

Akkurat no repeterer eg norsk, men etter munnleg skal eg repetere og studere andre ting!

solveig sa...

Eia var vi der! Eldstemann skal vere på begge konsertane. Det er noko han har sett fram til i lengre tid. Nummer to skaffa seg billett laurdag.