måndag 1. juni 2009

Til topps!

Blogglesarane har fått sett mange bilde av Melhornet. I dag får de sjå varden på nært hald.
Kvart år er det friluftsgudsteneste med korpsmusikk 2. pinsedag. Det er nokre år sidan sist eg har vore der. I fjor synest eg å hugse at veret ikkje freista. Men i dag var der heilt fantastisk.
Det har visst blitt populært å ta folk til fjells med helikopter. Naboen på over 90 var strålande fornøgd. I Syvden fekk svigerfaren til kunstnaren seg ein flott tur i fjellheimen.
---
Heretter slepp eg å kome med vermelding frå Hareid. Det er berre å klikke seg inn på webkameraet til høgre, så kan de følgje med ferjetrafikken og veret.


2 kommentarer:

Anlen sa...

Det var visst ein flott tur i dag! Eg har vore på hytta på Lesjaskog, så eg har ikkje gått Melshorn-tur. Men det vart andre turar:)

Besta sa...

Ja, det vart ein nydelig dag. Kjekt at også dei som ikkje er så spreke kan få komme seg ein tur til fjells.