laurdag 13. juni 2009

Støtte

I dag måtte klokka mi og eg til Ulsteinvik for å lade batteria.
Kvart år når eg kjem på at peonane treng støtte, er dei utselde i butikkane. I dag hadde dei att den lengste sorte på 100 cm på coop sin butikk. Denne flottaste peonen har fått to støtter, så no slepp han å dette ned på plenen.
Denne rosa går under Anne-Kirstine-rosa i familien vår. Den blomstrar ein gong og luktar fantastisk. Den sprer seg, så viss nokon på Hareid vil ha seg ei rot.....
Honningknoppurt spreier seg som ugras i hagen. Akkurat her veks den inntil gule liljer. Men her er nok å ta av også av den sorten.
I dag er det halvskya og det blæs litt. Så no har eg lagt fiberduk over skvåsjplantane. Då får dei det fuktigare og varmare. Kanskje eg må lette på duken av og til slik at blogglesarane får sjå veksten?

2 kommentarer:

Besta sa...

Eg var ute og støtta opp riddersporane i går, men det var i grunnen litt for seint.Vi får håpe det beste. Vi kvitta alle Anne Kirstine -rosene våre på grunn av alle tornane, men no er det like før eg saknar dei. Det er ein villig sort.

solveig sa...

Hos oss er dei litt arkitekttrøst. Dei dekker ein murvegg.