fredag 12. desember 2008

Krigsskade


De har sikkert sett reklamen der folk blir skada fordi dei ikkje har puter å slåst med. Reklamen har mint meg på at puta mi har blitt noko utsliten. Det var ei dyr pute i si tid, men butikken eg kjøpte den i har flytta for mange år sidan, så det må ha vorte nokre år sidan.
Prinsessbutikken i Ørsta ligg på ruta mellom tannlegen og Amfi. Onsdag slo eg likegodt til med den dyraste, dess meir sparer ein når det er halv pris. Og ei god pute er avgjerande for nattesømnen.
I går vakna eg litt stiv i nakken, men det gjekk fort over. I dag tidleg kunne eg berre snu hovudet nokre få grader mot høgre. Midt på dagen kom eg på syndaren; den herlege, mjuke dunputa!
No spørs det. Skal eg leite fram att den gamle, flate, eller skal eg satse på at nakken venjer seg til gode dagar, eller rettare sagt; netter.
p.s.
Nakken har kome seg etter nokre timar på jobb og ein gåtur der eg fekk varme i heile kroppen.

2 kommentarer:

irina sa...

jepp kjenne meg til med det putestyrert....men kansje du må venne deg på puta ?

Takk for kommentar. Artig å bli kjent med nye bloggere.

ha en fin helg !!

Besta sa...

Eg kjøpte store, billege syntetiske puter på Jysk for eit år eller to sidan. Det er dei beste putene vi nokon gong har hatt, så prisen er ikkje avgjerande.