tysdag 30. desember 2008

Fisk! Rimeleg, sunt og godt!

Dette er ein populær måte å lage til fisk på her i familien. I dag fileterte eg ein ørret/aure frå Prix til 25 kr. kiloen. Torsk og sei eignar seg godt og vert saftig og god.


Nedst i forma legg eg grønsaker. I dag hadde vi tomatar i skiver, purreløk i ringar og gulrøter i små stavar. Så legg eg fiskefiletane oppå. Eg skjer (meieri!)smør med ostehøvel og legg oppå fiskefiletane. Til slutt krydrar eg med fiskekrydder, salt og pepar. Dekk med folie og steik ved 200-225 grader i ca 45 minutt.

Smøret smeltar og trekkjer gjennom fisken og ned til grønsakene.

Server med poteter.

5 kommentarer:

Elin sa...

Tusen takk for tipset, dette skal prøvast!
Ha eit riktig godt nytt år!

arieldog sa...

Det såg "nauta" godt ut!!!

Besta sa...

Ja, godt såg det ut, men ikkje direkte magert. Problemet med den ørreten ein får kjøpt billeg, er at den ofte er kvalmande feit.Eit anna problem her i huset er at far sjølv helst vil ha fisk på gamlemåten.

STRIKKEMOR(O) sa...

Dette såg jammen godt ut! Eg trudde først det var kvitost som låg oppå fisken !! Eg elskar mat der alt er putta opp i ei form og steikt i ovnen.....

solveig sa...

Eg tok ikkje "etter-bilde". Her er folk i huset som flirer litt av det å ta bilde av alt ein lagar...
Fisken vart ikkje feit. Eg trur feittet ligg att på grønsakene som vert gode av den grunn.
Sitronskiver innimellom gløymde eg....