torsdag 4. desember 2008

Berlinerkransar


Denne veka bakar vi berlinerkransar og kokar risgraut på skulekjøkenet. To og to elevar samarbeider om grautkoking av 1/2 l mjølk og ein liten porsjon berlinerkransar. Småkakene tek dei med heim. På den måten vert eg ferdig med småkakebaksten på ei veke. Tidlegare har eg late nokre koke større porsjonar med graut, og så har grautkokarane baka småkaker veka etter. Dette er mykje greiare. Men ein ting går eg glipp av, å sjå elevane ta ein mjølkeliter og måle han opp i litermålet. Dette gjer flinke elevar. "Stolar du ikkje på meieriet?" er min standardkommentar.


3 kommentarer:

Hildegard sa...

Artig kommentar om litermålet. Mange ungar slepp vel ikkje til på kjøkkenet heime og er vel heilt uerfarne når dei kjem på skulekjøkkenet? Trur du må vere ein flink husstell-lærar og så verkar det som du likar jobben din også! Takk for tipset på Tine-oppskrifter. Tru om LilleMø kjenner til denne?! Fekk Eggeboka av Strikkemor i fjor, tykkjer det er greitt med enkle oppskrifter.
Eidabesta

solveig sa...

Ein får ikkje meir moro enn det ein lagar sjølv! Eks-kollegaen min sa at berlinerkransar skil litt mellom elevane. Det skal både lesast oppskrift, lagast deig og trillast ut fine kaker. Greit når det nærmar seg karakteroppgjeret. Eg noterer i stillheit for å ha dokumentasjon. Dei litt klønete kakene vert også gode på smak!
Elles finst det mange gode oppskrifter på nettet. Men det er som med kokebøker, ikkje alle er like mykje å stole på. TV2 sine er trygge, det same gjeld Tine.

Besta sa...

Alle har vel fått med seg at det å bake småkaker er ikkje mi greie, liksom.Ikkje likar eg dei så godt heller. Med nokre få unntak, m.a. BERLINERKRANSAR. Eg har aldri laga dei sjølv, men mamma brukte å lage til meg. Eg lagar berre slike kaker som det står:Settes med teskje på.........
Men du store verden kor mykje peparkaker eg kjevla i mine ca 10 år som heimkunnskapslærar!