søndag 28. desember 2008

Ting og tang












Eg veit ikkje om det berre er eg som finn ting til meg sjølv når eg er på julegåvehandel?
---
Silikonunderlaget fann eg på Nille. Eg var litt skeptisk på om det ville ligge i ro på benken, og om det ville bli lettvintare å vaske dette enn kjøkenbenken. Det siste kjem sjølvsagt an på kva kjøkenbenk du har. Min er begynt å bli gammal. Det er ofte meir arbeid med reingjeringa enn med bakinga. Underlaget eignar seg godt til kjevling og brødbaking. Det ligg ikkje heilt i ro når eg trillar rundstykke med begge hender. Men likevel, reinhaldet er kjempeenkelt anten ein tørkar av det eller vaskar det i oppvaskvatn. Eg tek ikkje sjansen på å vaske det i oppvaskmaskina.
---
Bakeplata kjøpte eg på Jernia. Den er i same merke som dei nye brødformene mine. Her også er reinhaldet kjempeenkelt. Eg kjem til å bruke det mest til bakst som vert best utan bakepapir som til dømes focaccia.
---
For begge desse produkta gjeld det; hald kniven langt unna!
---
Innimellom baking og middagslaging har eg kosa meg med te og bok. "Kose seg" er kanskje ikkje rette ordet for denne boka. Ho er ikkje noko for sarte sjeler.

4 kommentarer:

Besta sa...

Eg hadde eit Tupperwareunderlag som eg kasta til slutt, var så lei av å flytte rundt på det-aldri i bruk. Eg bakar mest brød og bollar og reingjeringa av benken går greitt, men viss underlaget ligg i ro, kunne det kanskje vere med på å begrense "sølet"? Spent på Mengele Zoo-sikkert noko for meg!

solveig sa...

Eg har også kasta eit Tupperwareunderlag. Det låg ikje i ro.

arieldog sa...

Mengele Zoo las eg tidlegare i år - spesiell bok, men den tok litt av.

solveig sa...

Eg er litt over midten. Mykje vald, men besta toler det godt.