søndag 21. desember 2008

Krumkaker


Det har vorte ein tradisjon at eg lagar krumkaker medan Øystein og ungane hentar juletre. Krumkaker står seg ikkje så godt som andre småkaker.
Eg laga ein enkel middag slik at vi skulle få lyst på dessert. Dette er vel den minst mislukka krumkakeskåla fylt med vaniljekrem (nærma seg "best før", krem og hermetiske aprikosar.
Oppskrifta eg brukar er den same som Wenche på TV2, lik vekt av egg, sukker, meierismør og mjøl. Mamma kjøpte to jarn og gav meg det beste. Det steiker tynne krumkaker i motsetnad til det vi har på skulen. Kunsten er å ha i passeleg røre slik at den ikkje kjem ut for kanten. Alle eventuelle bevis på at det har skjedd er no oppetne.

3 kommentarer:

Elin sa...

Eg spurde ein gong om du hadde "skriverfruens tebrød", dei er så lettvinte at dei kan lagast dagen før dagen...

solveig sa...

Ingen i familien har dei og det er eit sakn!

Hildegard sa...

Dette såg godt ut! Mine krumkaker vart tjukke i år, men ok for små barnehender. Har ikkje laga skåler, men det fekk vi på hotellet sist tysdag, løvtynne med multekrem og ein kransekakebit, heimelaga, etter ein herleg juletallerken. Vi var bedt ut av besteforeldra på Os, hadde ei triveleg stund.
Eidabesta