onsdag 17. desember 2008

Pageturner


Bokkilden omtalar romanen som "ein spennende pageturner av en roman".
---
Kva tyder pageturner? At romanen er så spennande at ein berre må bla om til neste side?
I går gjekk ein eksta halvtime etter tysdagsturen for å få høyre meir.
---
Jo Nesbø har funne seg ein ny hovudperson. Han er headhunter og kunsttjuv. Her vert mange overraskingar undervegs. Viss eg skulle gitt eit lite minus, måtte det vere for litt uappetitlege episodar undervegs. 6- med andre ord.

1 kommentar:

Besta sa...

Eg har ikkje vore udelt begeistra for Jo Nesbø. Mange av bøkene er nokså makabre etter mi meining.Denne boka har eg med vilje IKKJE lånt, men no må eg vel lese den likevel.
Sist eg lånte bøker, fann eg 4 styk."ikkjekrim".
No lese eg MANNEN SOM ELSKET YNGVE.Han som les er den samme som spelar Jarle i filmen, og han les heile boka på stavangerdialekt-ikkje berre dialogar etc. Ganske naturleg etter som boka er fortalt i jeg/eg-stil.