tysdag 15. juli 2008

Meir mimring

Julie på julaftan.
Som kjendt para vår kanin seg med nabokanina for 9 dagar sidan. No vil ungane her sjølvsagt ha ein av ungane. Eg nektar å kjøpe utstyr før vi seg korleis det går. Dei har fått lære uttrykket "å selje skinnet før bjørnen er skoten".

Eg meiner desse bilda er ca 25 år gamle. Kanina til Margrete, Julie, fekk 8 kaninungar. Dei var i fleire fargar. Det er naboungane som viser dei fram.

6 kommentarer:

Besta sa...

Ja, kaninungane var små i konfirmasjonen til Margrete. Kjenner att naboungane, men er ikkje sikker på ho med raud jakke midt i bildet? Kamilla, i gul genser, er no mor til tre.Hans Jakob er single Janne bur her rett over vegen, men dei andre veit eg ikkje så mykje om.

arieldog sa...

Kjekt gjensyn! Ho i raud jakke gjekk i klassen til TW, trur eg. Eller så blandar eg. Trur ho heitte Monica?

Besta sa...

TW gjekk i klassen min, det gjorde ho med lyst hår også, trur eg, men noka Monica kan eg ikkje hugse der var.Men det kan ha vore ei anna i den klassen.

Besta sa...

Eg kipte meg då eg såg bildet av Margrete og Julie. Det må vere ein kvan som er lik mor si-eller så er ho enno hoggande lik seg sjølv.

arieldog sa...

Kan ikkje vere det siste, for ungane her kjende meg ikkje att. Når eg sa kven det var, lo dei høgt og lenge...

Besta sa...

Eg viste bildet av M. til Eivind, for å få kommentar frå ein som ikkje var "forutinntatt".
"Det er jo Amanda," var hans kommentar.