laurdag 19. juli 2008

Fosnavågen i dag

Både i går og i dag fekk vi oss nokre gode arbeidstimar i hagen. Det har vore lettskya opphaldsver, men ikkje så veldig varmt.

Sidan Odd og Tormod skulle opptre i eit av telta på Landsstemnet for Kysten, tok Øystein og eg oss ein tur til Fosnavågen. Der yra det av liv. Butikkane var opne i all fall til 18. Der var fullt av båtar ved bryggene og campingbilar på land.
Cabareten varte ca ein time. Odd er ein ordkunstnar og Tormod flink på gitar. Midt i konserten kom regnet. Det merkar ein når ein sit i eit telt. Så no er her tilbake på 12 grader.

p.s. Hødd junior vann sin første kamp i Skaw Cup. Følg med på

2 kommentarer:

Besta sa...

Vi har lese både om reven og om fotball og om halalosten frå Ørsta. W.og eg lurer på kva østeløype eigentleg er laga av? Du veit det kanskje?
Her silar det ned frå himmelen i eitt vekk. Vi var med på å lage til uteplassen her for fleire år sidan, men har aldri fått brukt den. Lurer på om det regnar like gale i Danmark?

solveig sa...

Vi har ikkje fått vermelding derifrå berre: Alt er topp!
Osteløype er eit enzym utvunne frå kalvemagar.