Dette bildet er tatt i 1963. Amanda er mormor.
Dette bildet er frå 1987. Amanda er oldemor. Einar var det eldste oldebarnet. Etter det kom dei som perler på ei snor. Alle dei seks barnebarna hennar har gifta seg og fått born, til saman 21 oldebarn.
3 kommentarer:
På det nedste bildet er eg berre 2 år eldre enn Solveig er no.Viss ho blir ei like ung bestemor som eg,kan eg snart sjå fram til å bli oldemor.Men det spørs..........
Koselege og verdifulle bilder. Tenk at oldemor Marie var på Eida-besøk etter at Solveig var fødd. Eg var litt for seint ute til å treffe henne. Våren etter hugsar eg at Amanda, Nils, Svein og eg var til Innvik i gravferda hennar. Eidabesta
Og i den gravferda var ikkje eg med. Eg var alt langt på veg med nummer to då S. var eitt år, og ikkje i form til å fare.
Vi hadde besøk av heile Innvikfamilien sundagen etter barnedåpen, og S.og R. kunne aldri gløyme at Ivar kom inn i stova med ei heil bytte jordbær som han sette midt på golvet.
Legg inn en kommentar