søndag 13. juli 2008

Søndagstur til Eika

Sidan det var skodde i fjella, og vi ventar på overnattingsgjester, valde vi å ta oss ein tur til Eika. Vi var der i haust også, men no har dei lagt ut ny hareidstrimpost der.
Utsikt mot Yksnøya.
Stien over øya er brei. Vi møtte ei dame med vogn også.
Vi tok pausen på same stad som sist. Før vi for heim, åt vi oss "mette" på blåbær.

Journalisten er reist til Sogndal, og gartnaren ligg på lading i dag.

1 kommentar:

Besta sa...

Den stigen såg fin ut! Kanskje noko for meg ? Her et vi oss stappmette på jordbær kvar dag. Mykje bær, men dei er så små!Ikkje som i gamle dagar, nei!