onsdag 9. juli 2008

Mysteriet løyst

I vår trudde eg at Aloharosa , eller Hawaiirosa som Øystein kallar ho, hadde stroke med i vinter. Men då burde der stått att ein rest. Så kom eg fram til at eg kanskje hadde flytta ho i fjor haust. Men kvar? I går fann eg rosa. Eg hadde sett den i næringsrik mold på ein solrik stad.

Rosa har eg fått av mi venninne M. Ho er flink å formeire roser. Sjølv har ho ei stor ei som ho klipper vakre bukettar av som sprer ei nydeleg lukt. Ho har også laga rosegele av rosene.

4 kommentarer:

Besta sa...

Denne rosa var veldig fin. Lurer på om M. lagar roser for sal? Denne hadde passa godt her! Hint, hint!

Milena sa...

Eg kan lage Aloha til "besta",det er artig å prøve ! :-)

solveig sa...

Det blir ho glad for!
Dei tre eg fekk av deg i går, sprer god lukt i heile huset. I staden for å kaste dei, kan ein vel sette dei i jorda med få blad att? Eg har ikkje fått det til før......

Milena sa...

Det kan du gjere...det er ikkje vanskligare enn det.
Eg fikk roser fra naboen min igår.Skal prøve å lage meg fleire :-)