tysdag 22. juli 2008

Digitalis purpurea

Ein av dei få blomane eg går rundt og hugsar det latinske namnet på.

5 kommentarer:

Besta sa...

Den finst også i kvitt. Kva vil de kalle den då???
I grøfta på Kongsberg vaks der nokre kvite blomster vilt.Hadde tenkt å spade opp og ta med, men det vart gløymt. Hugs å sjå etter dei når du kjem ned!

solveig sa...

Det første som slo meg var "alba". Det er vel latin for kvit. Så prøvde eg å finne namnet på nettet. Det er ein albinovariant og heiter derfor Digitalis purpurea "alba". Så vart vi litt klokare i dag og.

Besta sa...

Ja, det NETTET kan vere godt å ha. Gir svar på det meste. I alle fall er revebjellene nydelige. Kunne godt tenkje meg å plante, har vore litt forsiktig med det før, på grunn av ungar.Men dei finst jo overalt i naturen. Elles køyrde vi forbi mange mil med geitrams og mjødurt i går.Nydelig. Såg mange andre "vegkantblomster" også. Det har blitt klaga over at dei blir borte på grunn av kantslåtten, men der er vel ikkje alle kantar som blir like ofte slått.

solveig sa...

KMS er rasande på dei som sår lupinar langs vegane og fortrenger den naturlege vegetasjonen. Det er miljøkriminalitet. Elles så finst det blomster som treng å bli slått ein gong i året.
Det er noko med den lillafargen som geiterams, revebjeller og enkelte lyngfargar har. Den er nydeleg til grønt og grått.

Besta sa...

Slik som i Sula- einer og røsslyng mot grå berg!