søndag 20. juli 2008

Blåbærtur

Hjørungneshornet kan vel knapt kallast "fjell". Vi la turen dit for å finne ein Hareidstrimpost. Her ser de litt av Hjørungavåg og Hareid litt lenger bak.
Hjørungavåg. Der har kome fleire, eller større, industribygg sidan eg slutta å jobbe der for vel 11 år sidan.
Her ser de mot Vartdalsfjorden. Vi plukka med oss 1,8 kg blåbær som vi rørte då vi kom ned att. Det vart pannekaker m/svensk flesk til middag.
Masdalsklova.

Og veret? 18 grader. Eg gjekk med bukser sidan det var mykje lyng. I ettermiddag har det vore utrøne og litt skodde.

2 kommentarer:

Besta sa...

Finare ver der enn her. Her har regnet sila ned heile dagen, og vi har ikkje vore ute for ei dør.Vonare på betre ver i morgon,men det ser ut som om vi har ei eiga evne til å vere der det regnar mest!Elles har vi det bra.

Hildegard sa...

Vakre bilder, fekk lyst på ein tur i ytre nord. Blåbær er både sunt og godt, de har vore flinke.
Eidabesta