Under temaet "No har eg lese omtrent alle lydbøkene på biblioteket", kom eg over denne historiske romanen. Handlinga er lagt til 1500-talet. Det handlar mykje om ytringsfridom og trusfridom.
Det er første boka eg les av forfattaren. No kunne eg godt tenke meg å lese dei bøkene ho har motteke prisar for.
No har eg fått tak i bøker av favorittforfattarar (m.a. Liza Marklund).
4 kommentarer:
Denne har eg lese, men eg hugsar lite og ingen ting. Har lese ei anna bok ho har skrive som var veldig god.Hugsar ikkje tittelen.
Eg har aldri hatt særleg god hukommelse-det kan umulig vere alderen?
Boka heiter SKAMMEN-eg har den i papir, skal legge den i avisnettet ditt.Du er vel ikkje heilt slutta å lese med augene?Eg går god for den boka!
Ja det var Skammen ho hadde fått flest prisar for. Eg les alltid om bøkene etter at eg har lese dei, samtidig som eg leitar etter bilde.
Eg har også ei papirbok på bordet, men i dag vart det hagearbeid og siste CD-en.
Eg låner den gjerne!
Eg las "Skammen" på lydbok, men trur den er å foretrekke i papir på grunn av litt forvirrande synsvinkelbruk. Har lese denne òg, og likte den bra godt. I tillegg har eg lese "Den guddommelige tragedie" - det er lenge sidan, trur eg fekk den i "Bokklubben nye bøker" i 1989, men eg likte den svært godt då. Og så er det ei heksebok ho har skrive - ein gjengangar blant særemneskribentar - og den er ganske god.
Legg inn en kommentar