laurdag 26. juli 2008

På veg igjen

I dag har vi mellomlanda på Kongsberg på veg til Oslo og Norway Cup.  Vi fekk nettopp vite at kampen i morgon startar 12 og ikkje 9.  Så vert det litt nattesømn på oss.

På turen nedover var vi innom Astruptunet og Bokbyen, Fjærland.  Eg kjem sterkt tilbake med bilde om ei lita veke.

P.S.
Veret har vore fantastisk heile turen med temperaturar opp til 32 grader.  


1 kommentar:

Besta sa...

Går ut frå at de er komne tilbake til Kongsberg i kveld. Kjem de innom her på heimvegen?Håper de har hatt det kjekt i Oslo. Vi trudde vi fekk både torden og regn i dag; vi høyrde tora,men her kom berre nokre få regndropar. Både på Bjørnaset og på Eid var det fæle byger.Såg på TV at det hadde gått vilt for seg i Oslo sist natt-på verfronten. Tenkte på dei som låg på Ekebergsletta. Her er det lettskya og fint.