laurdag 19. april 2008

Freistande tallerkar

Elevane mine har no begynt på oppgåva eg kallar tallerkenmodellen. Dei får bestille mat for 80 kr (gjerne 1/4 agurk) og skal lage mat og servere det på ein tallerk. Det skal vere 1/5 kjøt/fisk, 2/5 ris/poteter/pasta og 2/5 frukt/grønsaker. Eg hjelpte desse med tomatrosa. Paprikahjartet kom dei på sjølve.
Ei av gruppene skal lage denne retten. Det er ikkje berre i Kunst og handverk eg likar å vere godt førebudd. I dag laga eg denne paprikasausen til kyllinglår og ris. (klikk på bildet viss du vil sjå oppskrifta). Dette blir ein mykje sunnare saus enn pulversausar. Eg synest den var litt søt og mangla salt og pepar. Med ein gul og ein raud paprika, fekk den ein frisk og fin farge.

2 kommentarer:

Besta sa...

Var det eit hint til meg som serverer Bali kyllingsaus frå pose? Så kan eg fortelje at når eg har ånden over meg så lagar eg mer spennande smakar enn det.Når ein har gjester serverer ein gjerne noko som er safe.

solveig sa...

På tallerken over, er det bretagnesaus. Eg har som regel 4-pakningar i hus. Men når eg skal gje karakterar på rettane.....
Eg spurde ungane om deira ærlege meining om paprikasausen "Heilt ordinær" seier eldstemann og et med god apetitt.