søndag 13. april 2008

Frå A4-familie til....A3?



Etter ei relativt fredeleg veke med 2 born i huset, er no dei eldste vel heimkomne, og vi er tilbake til normalen her i huset.
Vaskemaskina har gått ein gong for dag, ho fekk til og med ein dags pause. I dag er 5. maskina ferdig. Eg syntest eg vaska mykje kle då dei var små, men no er plagga større, og dei trenar og dusjar som aldri før.
Middagsporsjonane er dobla. Denne veka har vi klart oss med familiepakningar.
Måltida - kvar vart dei av? I beste fall kan vi kalle dei flytande. Det er seinvakter, bortekampar og fotballkampar på TV (sett på pizzarestauranten). A4-gjengen et i lag.
Bilen har stått mest i ro. Ingen bilturar over Eidet for meg. Eg har til og med gått og handla eit par dagar! (Fredag køyrde eg til Ørsta...)
Ein får berre vere glad for mikrobølgjeomn og kondenstrommel.
Og sjølvsagt meir liv i huset!

1 kommentar:

arieldog sa...

Her hos oss er det så stille og fredeleg når Lars, Ingeborg og hundane er ute på turné. Skulle tru det var dei som både bråka og rota.