Mi venninne M har skaffa seg ei ny utgåve av Hanna Winsnes si kokebok. Eg tenkte eg ville skrive ein kommentar om at eg meiner det er Norges første kokebok. For å verte meir sikker, tenkte eg at eg ville sjekke på nettet. Der fann eg den eldste utgåva. For den som gidd å sjå, så er her t.d. også tips om korleis du skal fyre opp steikeomnen. Elles forstår ein kvifor boka må tilpasssast ei moderne tid.
Det hadde vore artig å visst kor mange som kjøpte denne boka på 1800-talet!
2 kommentarer:
Meiner å hugse at Hanna Winsnes var prestefrue, noko som var stort i dei dagar.Ho hadde sikkert fleire tenestejenter og det trong ho! Berre dette å fyre ein bakaromn. Eg har ofte tenkt på mamma som brukte vedkomfyr heime heilt til 1953.Då var det å lage eit sukkerbrød litt av eit lotteri! Det galdt å treffe temperaturen!
Hanna Winsnes skrev også romaner,dikt og noveller og det er Hilde Diesen som utga biografien om sin tipp-tipp oldemor.
Artig lesing!Og kjekke pris for kokeboka:fra 399kr til 59 kr! Då kan man kjøpe bøker....
Legg inn en kommentar