søndag 27. april 2008

Tidtakar



Eg har ein fast jobb; tidtakar på Hadarstefetten. Resten av familien brukar å springe. I år var kun dei to yngste med. Olaug sitt lag kom på andreplass, medan Håkon var på andrelaget og kom lenger bak, som forventa.

Vi skulle i selskap på Ishavsmuseet allereie klokka 17, så også den dagen flaug. Dei spurde meg om oppskrifta på eggerøre. Det tok eg som eit hint. Så eg laga eggerøre av 3 pakkar egg før stafettane og tre etterpå, 72 egg til 70 gjester. Eg kom fram til ein lur røremetode, staven på stavmiksaren. Det gav ei utruleg glatt røre utan at ein piska inn luft.

2 kommentarer:

Besta sa...

Du kunne starte eiga cateringbedrift! Men det er sikkert eit enda meir strevsomt yrke enn å vere lærar.
HAR du oppskrift på eggerøre?
Brukar du vatn eller fløte t.d.

solveig sa...

No fekk eg lagt eit par bilde til innlegget. Karane har hatt fotoapparatet.
Nei, noko oppskrift på eggerøre har eg ikkje. Eg trur eg må ha sett Ingrid Espelid lage eggerøre på Tv i min ungdom... Det var eit eller anna med at ein aldri skulle bruke mjølk, anten skulle det vere fløyte eller så skulle det vere vatn. Eg brukte 1 dl vatn på 12 egg, litt salt og frisk grasløk frå hagen. Kunsten meiner eg er å steike ved relativ lag temperatur, og så å ikkje tørrsteike den.
Det er litt tidkrevjande, derfor er det lurt å få andre til å gjere det........