søndag 27. april 2008

Vanskeleg alder


Fredag var eg i siget. Etter 6 vikartimar som formingslærar, og før guttekamp, fann eg ut at det kanskje ville bli einaste sjanse til å skaffe Olaug maiklede.

Først må ein bestemme seg for kva som er konfirmasjons-/17-mai-kle når ein er 11 år og jente. Eg meiner at grensa for å bruke "juksebunad" er nådd. Dei finst til 12 år, men det finst sikkert 8-9-åringar som treng den storleiken. Vi såg etter finkjole.

Ulsteinvik har fått nytt kjøpesenter, d.v.s. dei har utvida Blåhuset med ørten butikkar. Forrige veke var vi på Amfi utan å finne noko vi lika. På eine kjedebutikken var alt i svart/kvitt. Det freista ikkje å kjøpe ei kvit utgåve av julekjolen for å seie det sånn. På Hareid hadde dei ein brunmønstra kjole i 12-år. No sette vi vår lit til det nye kjøpesenteret!

Etter å ha tråla Blåhuset to gongar, det må nemnast at sprinkelanlegget hadde vore utløyst i den eine barneklebutikken slika at den ikkje kunne opne, møtte vi senterleiaren. Ho sette oss på ein ide vi ikkje hadde tenkt på før: XS! På Bohemian fann Olaug to kjolar ho likte, vi enda opp med ein kvit.

Ingen kan gå rundt berre i kjole i mai. Mora såg for seg ei tynn innejakke og ein raud trenchcoat over den kvite kjolen! Kor ofte finn ein det ein ser for seg? Men jammen hadde dei raud trenchcoat på Amfi. Tilbehøret kjøpte vi også der.

På Hareid har vi fått Floriss blomsterbutikk, og i tillegg til dei nye butikkane på Blåhuset, har vi no fått omtrent det same som i Ørsta! Her skal handelslekasjen stoppast! Ein butikk må nemnast, Bennetton. No hadde dei berre damekle, men dei skal få barnekle til sommaren. For kvar ny butikk og kvart nytt senter som opnar, seier eg, vi kan vel ikkje handle meir, dette kan ikkje gå bra.....

P.s.
Guttelaget vann

2 kommentarer:

Besta sa...

No fekk eg lyst på ein handletur til Ulsteinvik. Eg likar meg godt på An Chri på Blåhuset. Men treng eg noko? Ikkje akkurat no kanskje, men det dukkar nok opp noko snart.Sommarkleda eg kjøpte i fjor er lite brukte for å seie det slik.

solveig sa...

Det er no berre ein halv times tur! Der var ganske mange butikkar. Har de Mestergrønn i Ørsta? Men vi kan no ikkje handle meir for det!? Og så må de kome hit!