søndag 20. april 2008

Hagebilde

I dag gjekk M og eg rundt vatnet i relativt høgt tempo mellom frukost og middagslaging. Med ein slik aktiv start på dagen, kan ein unne seg rolege timar på altanen med lesing og kaffidrikking. Her er nydeleg altanver i dag, d.v.s. sol og vind. Eg har kuleprimula i mange fargar. Eg meiner dei kryssar seg, slik at det vert mange lillanyansar.
Blåveis.
Dette er årets Primula Vulgaris som eg planta ut før påske. No har dei fått ein ny vår.
Kaninsnop: Eg brukar å kjøpe meg persille og ha i vinduskarmen ei stund før eg plantar den ut. Viss ein er flink å ikkje la den gå i frø, vert den fleirårig.

3 kommentarer:

Milena sa...

Flotte bilda.Ja,vår ER her....ingen tvil.

Besta sa...

Har du kjøpt blåveisen eller fått den?(Det er vel ikkje lov å ta blåveis opp med rot i naturen, så du treng ikkje skrive namn.) Primula VULGARIS er vel gul?Ser at mange av dei ein kjøper i ulike fargar går tilbake til gult.Berre nokre få av primlene våre blomstrar enno, men no er alt på full fart inn i våren.

solveig sa...

Blåveisen har eg fått for mange år sidan, av S., trur eg. Den formeirar seg omtrent ikkje. Eg meiner desse også har vulgarisnamn, men skal ikkje vere påståeleg.