søndag 20. april 2008

Meir mimring

Survivor: Eye of the tiger.


Det var ein ting som var betre på den gamle Siemens A55-mobilen min - ringetonen. Eg fekk hjelp til å legge inn Eye of the tiger,ein 80-tals klassikar. Så om mobilen skulle ligge i sekken min og ringe, så ville det ikkje bli for pinleg. No har eg Gaute O sin Kjærlighet er mer enn forelskelse, innlagt av Olaug. Så no er det "lydløs" som gjeld.

1 kommentar:

ariel sa...

Eg hugsar at eg hadde ein svært passande ringetone ein gong; "Humlens flukt". Svært treffande når ein leita etter telefonen. No har eg "I was made for loving you, baby" (instrumental, heldigvis) - ikkje treffande for noko som helst, men eg unngår at nokon andre har same melodi.