søndag 27. april 2008

Slapp søndag

Etter ei hektisk veke er det godt å ha ein dag til å "sløve". Eg har tatt det med ro, lese litt og sola meg litt. Eg har vore nær maskinene for å seie det sånn. Vaskemaskina og trommelen har gått i eitt medan oppvaskmaskina har gått to gongar slik som brødbakemaskina. Tenk kva arbeid vi sparer oss.

Eg anbefaler blogglesarane på det sterkaste å lese Mustafa Can si bok. Den set mykje i perspektiv! Same korleis eg prøver å skildre den, vil det bli feil. De må lese sjølve. Absolutt den beste boka eg har lese i år!

Håkon har lenge ønska seg kano. No har Øystein og han spleisa på ein brukt. Dei tok seg ein padletur medan Olaug var i geburtsdagsselskap.

I selskapet i går fekk Øystein tilbod om å låne 3 sesongkort som dei ikkje fekk bruke sjølve i dag. Han har no tatt med seg ein kompis dit. Audun har sitt eige sesongkort, og Einar slepp gratis inn sidan han er på jobb for lokalavisa.

Olaug og eg sit ved kvar si datamaskin.

Sånn går dagane her!

4 kommentarer:

arieldog sa...

Sesongkort til kva? Min første tanke var slalåm, men det var vel fotball? Kano høyrdest veldig kjekt ut - eg har tenkt tanken sjølv til å ha på setra her, men på Hareid må det no vere glimrande!

solveig sa...

Slik er det når ein er inne i eigne spor. Hødd sjølvsagt. Vel heime er det fotball på TV eit par timar, eg seier ikkje meir!

Besta sa...

I kveld hadde eg nesten tenkt å sjå film, men sidan det var midt i ein eller annan fotballkamp på TV, ofra eg meg. Som vanlig.Likar i grunnen betre å "lese" bøker.Men det er omtrent like sosialt som fotball -her i huset.

Besta sa...

Ein slik dag som du skriv her er ikkje særleg sløv i mine auge.