torsdag 3. april 2008

God bok


No er eg nesten ferdig med denne boka. Eg synest den er for kort. Endeleg har eg kome inn i tida, miljøet, familiane og namna, og så er ho nesten slutt.

4 kommentarer:

Milena sa...

Den er på Å LESE lista,men må nok vente litt.Oprah sin beste venn,Toni Morrison..

arieldog sa...

Eg har lese ein del Toni Morrison, men det er lenge sidan. Vi hadde "Sula" på pensum i amerikansk litteratur på grunnfag, og så las eg "Tar Baby" og "Beloved" seinare. Ho var svært opphausa den tida, i 1988/89, men vart enda meir kjend då ho få år etter vart tildelt nobelprisen. Det er så lenge sidan eg las desse bøkene, men eg synest å hugse at eg likte "Tar baby" best. Norsk tittel er "Dukke av bek", trur eg.

Besta sa...

Denne boka har eg lese, og eg likte den. Hugsar ikkje all verda att no, for det er ei stund sidan. No har eg lese ferdig SKYGGE av Karin Alvtegen. DEN var god. Ikkje tradisjonell krim, men heller ei bok om skyld og svik. Veldig Ibsensk. Las kritikken på Internett etterpå og der vart det også henvist til Ibsen.Blir litt glad når mine inntrykk samsvarar med det dei "profesjonelle"skriv.

solveig sa...

Eg tippar du har lese like mange bøker og har like gode kunnskapar som mange "profesjonelle".