onsdag 23. april 2008

Tjuverialarmen går!

Eg visste ikkje at matbutikken der eg brukar å handle, har tjuverialarm. Men i dag fekk eg både sjå og høyre. I det eg trilla vogna med tøynetta oppi, forbi kassa, begynte det å pipe og lyse raudt. Eg tok ut netta og rista dei ut over varene og køyrde den tomme vogna forbi enden på kassa utan netta, ny runde med uling.

Korleis vert slikt takla? Dama i kassa tilkallar hjelp. Hjelpa trillar kassa forbi, ingen alarm. Kom hit med den, seier eg og vil vise henne. Nei, det kunne like gjerne vere skorne mine! Eg tok handlevogna og viste henne, alarmen gjekk igjen. Og kva gjer ho? Set vogna på plass!

Heldigvis har kundane, ja ein liten kø vart det sjølvsagt, fått med seg at det ikkje var min feil, men det måtte eg jammen bevise sjøl!

Har ikkje dei butikktilsette lært korleis dei skal takle ein slik situasjon. Er det nok å trekke på skuldrane og riste på hovudet? Kva med ei unnskyldning? Kva med ein kommentar til dei andre kundane som var vitne til opptrinnet?

No sit eg her og er skikkeleg etterpåklok! Hadde eg vore litt meir snarrådig, hadde eg gitt dei klar beskjed om at den vogna fekk dei fjerne, for får eg utløyst den alarmen ein gong til, har eg handla der for siste gong! Då er det ikkje nok å be om unnskyldning (der fekk dei den!)!

4 kommentarer:

Besta sa...

Slikt er skikkelig utidig. Som du veit opplevde eg å bli hanka inn av Securitas på Amfi fordi eine vara eg hadde kjøpt ikkje var avmagnetisert. Inga unnskyldning der heller.No har eg ikkje sett ei einaste Securitasvakt på Amfi på det eg kan hugse. Men kjenner dei deg ikkje på butikken på Hareid?

solveig sa...

Jau, dei tilsette kjenner meg godt, men kva med kundane bak? Uansett bør dei skjerpe rutinane. Har ein alarm, må ein ha rutinar for kva ein gjer om han blir utløyst! Kanskje eg berre skal ignorere alarmen om han går igjen? No veit eg korleis eg skal utløyse han!

arieldog sa...

Synest eg ser det. Eg er livredd for å bli mistenkt for tjuveri, som eg aldri har tenkt på å utføre ein gong. Eg høyrde ein gong på radio at butikkeigarar er særleg på vakt for kundar som legg veska si i handlekorga - noko eg gjer på grunn av vond skulder. Å bli stoppa og utspurd utan grunn burde verkeleg unnskyldast både høgt og tydeleg. PINLEG.

solveig sa...

Eg har no med meg tøynetta mine, men passar på å kaste og riste godt i dei. Det var ikkje det at eg trur dei mistenker meg for tjuveri, det er mest min trang til å reinvaske meg 110%. Tenk om ein fekk slikt på seg! På jobb meiner dei at matvarer har ikkje alarm, berre t.d. film. Audun fortel at han har opplevd alarm ein gong dei gløymde å ta av noko på filmen. han hadde heller ikkje fått noko unnskyldning.