tysdag 8. april 2008

Kva har du lært i dag?

Dette spørsmålet må alltid ein eller fleire av elevane mine svare på før vi avsluttar ei 3-timars økt på skulekjøkenet. Eg meiner det er viktig å tenkje etter og helst kome fram til at ein har lært noko kvar dag.

I dag har eg lært noko som eg har hatt lyst til å lære lenge: Å lage linkar!

9. klassingane våre har arbeidsveke, såkalla PRYO-veke denne veka. Det gjer at eg får litt tid til å oppdatere meg innimellom ("gratis")vikartimar, ventilator- og komfyrvask. Rydding har det vorte minst av. Hm...

I dag hadde eg ein kommentar til den mest datakyndige på skulen, eller Ped-It ansvarleg, om at eg hadde så lyst til å lære å lage linkar. Det var berre å finne fram, så skulle han vise meg.

No har eg sjølvsagt kome fram til at det er enkelt. Men det visste eg på førehand. Heldigvis var det overførbart til bloggen. Det er no så logisk når berre lyset har gått opp.

Eg veit at det sit mange og småler når dei les dette.........

Hjertebrødet nedanfor er berre for å vise litt av mulegheitene.

Apropos hjertebrød. Eg har prøvd å finne ut, utan hell, kor mykje Omega-3 det er i t.d. feite fiskeslag, linfrø, nøtter, soyaolje og rapsolje. Viss nokon veit kvar eg kan finne desse tala, tips meg!

2 kommentarer:

Besta sa...

Eg kan ikkje lage linkar. Hadde sikkert funne det ut ved sjølvstudium, men det er mykje lettare å få deg til å vise meg når du kjem innover.Eg lærer relativt fort sjølv om eg er gammal.

solveig sa...

Det er mykje enklare her enn på skulesidene. Du tek det sikkert lett. Så du får ha ein link klar!