I går reiste eldstemann til London der han skal begynne på den avsluttande oppgåva på journaliststudiet.
18-åringen reiser til Berlin på språkreise i morgon tidleg. Så komande veke går vi ned i normal familiestorleik....
Illustrasjon:
Pasjonsplanten eg fekk i fjor sommar kjem no med stadig nye blomster.
2 kommentarer:
Pasjonsblomst har eg aldri hatt, men det er heller ikkje sikkert han hadde likt seg her hos oss. Du som har gammaldags bestestove kan no ha mange plantar som ikkje trivst i meir oppvarma rom.
Eg kjøpte ein pasjonsblomst til 29 kr på Lidl i fjor og sette han saman med engletrompeten. Det var ingen suksess i fjor, men i år kanskje draumen vert oppfylt; at den skal klatre på engletrompeten og kome med nydelege blomster. Eg trur den skal like seg godt ute.
Legg inn en kommentar