søndag 30. mars 2008

Ny krim

I dag gjekk eg meg ein times tur mellom frukost og middag, ein kort periode med tenåringar i hus. Måltida vert noså fleksible. Turen gjekk til Lys og Lyst på Bigset og heim, og eg fekk høyrt ein heil CD(nr 4 av 6)

Eg har ikkje lese noko av Kim Småge sidan eg las Nattdykk på 80-talet. Dobbeltmann har fått dårleg kritikk i Dagbladet, men eg har no tenkt å gjere meg opp mi eiga meining. Det er no forfriskande med ei ung dame som helt istadenfor gamle gubbar som drikk. Felles for alle er vel eit dårleg kjærleiksliv?

2 kommentarer:

arieldog sa...

Eg har lese ei bok av Kim Småge, og det var òg på 80-talet. Den heitte "Kainaan" og handla om frimurarar, mellom anna. DEN var i alle fall spennande!

Besta sa...

Kainaan var så spennande at eg sat oppe nesten ei heil natt og las, hugsar eg.Nattdykk har eg også lese.Dessutan har eg vore på forelesning på DH med Kim Småge, men av den hugsar eg ingen ting anna enn at ho var ei flott dame, særleg i forhold til alderen.