fredag 28. mars 2008

Uhyggestemning

No har vi to norske TV-kanalar som viser nyheiter heile dagen. Det har sine sider å sjå nyheiter heile dagen. Men det er greit å kunne følgje saker når det stadig skjer nye ting. No er det nok, og har nok vore, ei heilt spesiell stemning i Ålesund.

I tillegg har dei kome til ein konklusjon i Borboun Dolphin-saka. Der kjenner vi litt dei ramma. Det var uhyggelege timar og dagar, spesielt medan det enno var håp.

Eg hugsar at vi høyrde om rasulykka på Rise. Men det som har gjort mest inntrykk på meg, er nok snøraset som gjekk ikkje så langt frå oss. Det var medan eg gjekk på Gymnaset. Eg meiner eg jobba den laurdagen medan dei leita etter borna. Då også vart folk evakuerte, og mange flytta frivilleg. Vi såg berre mørklagde hus rundt oss. (Var det då straumen var vekke i to døgn?) Slik er det nok mange som har det i Ålesund no. Men medan vi kunne puste letta ut då rasfaren var over, vil nok dei vere meir redde for grunnen under seg.

5 kommentarer:

arieldog sa...

Eg hugsar òg "fonna" på Engeset, men eg trudde det var det året broren vår vart konfirmert, og at han skulle på noko førebuing den dagen. Sjølv furta eg litt fordi eg ville høyre på "smurfane" på kassett og mamma syntest det var upassande - og ho ville dessutan høyre nyheiter. Merkeleg med det minnet.

solveig sa...

Du har sikkert rett. Eg jobba i alle fall, og det var konfirmantundervisning på laurdagane. Muleg straumutkoblinga var då egg gjekk på Gymnas?

Besta sa...

Her er eg sikker. Det var det året Rasmus "gikk for presten", og det var ein laurdag. Han kom heim att nesten med det same, og når vi såg ned i Olavsgata sprang folk med spadar i hendene. Lyset var ikkje vekke, for eg laga mat heile laurdagen, det var min måte å avreagere på.Hugsar enda til at eg laga sagopudding!Hugsar ikkje kva tid straumutkoplinga var, men trur det var akkurat før raset gjekk?Då vi fekk att lyset skulle vi slappe av og kose oss, men så.......

arieldog sa...

Merkeleg kva ein koplar saman i minnet. Smurfar og fonn i mitt tilfelle.

solveig sa...

Uhyggestemninga kjem alltid tibake når eg vert minna på det. 25 år etterpå var paret som hadde mist guten og jenta i avisa. Olaug syntest det var bra dei hadde fått seg ny gut og jente.