søndag 16. mars 2008

Not without my daughter

Denne gjorde eit sterkt inntrykk på meg på 80-talet ein gong. Det var den tida bøkene heitte "Den brennende sengen" t.d. Kan eg ha lese boka som ei framhaldsforteljing i eit vekeblad?

For ei vekes tid sidan dukka det opp nye TV-kanalar her, TV-Norge, TV2 Nyhetskanalen og TV2 Filmkanalen. På den sistnemde gjekk filmen i dag. Sally Field spelte hovedrolla og Alfred Molina (Kva kontinent har ikkje han kome frå? Alt frå grekar til søramerikansk skurk og her iranar) ektemannen. Filmen svarte heilt til forventningane.

2 kommentarer:

arieldog sa...

Har sett filmen eg òg, men boka gjorde større inntrykk. Etter "den brennende sengen", "Huset med den blinde glassveranda", "senere, Lena" m.fl. er det rart vi våga å satse på ekteskapet.

solveig sa...

Ja, det var solidaritet med undertrykte kvinner. Før empatien var oppfunnen levde vi oss inn i desse kvinneskjebnene...